Om Vestland Revisjon KO

Vestland revisjon kommunale oppgåvefellesskap (VRKO) er organisert som eit kommunalt oppgåvefellesskap.

Selskapet er eigd av 16 kommunar som er med i revisjonssamarbeidet: Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.

Selskapets styre består av sju representantar valt av representantskapet og ein tilsettrepresentant. Representantskapet består av 16 personar, ein frå kvar eigarkommune.

Vestland Revisjon KO utfører revisjon etter kommunelovas kapittel 24, altså rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, eigarskapskontroll og anna kontroll som er bestemt i lov eller i medhald av lov.

Vestland Revisjon KO har 12 tilsette; dagleg leiar, fire forvaltningsrevisorar og sju som arbeider med finansiell revisjon. Selskapet har ein desentralisert struktur med sju kontor ulike stadar i fylket: Førde, Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Sogndal, Hyllestad og Florø.