Vestland Revisjon KO søkjer finansiell revisor

Vestland Revisjon KO er eit interkommunalt revisjonsselskap som primært yter revisjonstenester til eigarkommunane. Selskapet er eigd av kommunane Askvoll, Bremanger, Fjaler, Gloppen, Gulen, Hyllestad, Høyanger, Kinn, Luster, Sogndal, Solund, Stad, Stryn, Sunnfjord, Vik og Årdal.

Hovudkontoret ligg i Førde. Vi har ein desentralisert struktur med regionkontor i Florø, Sogndal, Hyllestad, Måløy, Nordfjordeid og Stryn.

Vi har eit breitt oppdragsgrunnlag som omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll, etterlevingsrevisjon, attestasjonsoppgåver og rådgjeving. I tillegg til kommunar reviderer vi interkommunale selskap, kommunale føretak, kyrkjelege fellesråd, legat, stiftingar og foreiningar. Vi nyttar revisjonsverktøyet «Descartes», og nynorsk er administrasjonsspråket i selskapet.

Vi søkjer no etter revisor til finansiell revisjon.

Vi kan tilby deg:

  • ei utfordrande stilling med varierte og allsidige arbeidsoppgåver
  • høve til å påverke eigen arbeidsdag og arbeidsoppgåver
  • gode tilbod om kurs og etterutdanning
  • tilgang til støtte frå ekstern ekspertise
  • fleksibel arbeidstid
  • bruk av digitale løysingar og verktøy for kunstig intelligens
  • god pensjonsordning gjennom KLP
  • løn etter avtale

Vi ønskjer at du:

  • er statsautorisert revisor eller har annan høgare utdanning innan rekneskap eller revisjon
  • har erfaring frå og kunnskap om kommunal sektor
  • har gode kommunikasjons- og formidlingsevner, både munnleg og skriftleg
  • har evne til å arbeide sjølvstendig, målretta, systematisk og effektivt
  • har solide kunnskapar om digitale løysingar og interesse for utvikling innan kunstig intelligens

Arbeidstakarar blir tilsette i Vestland Revisjon KO på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtaler. Det kan bli stilt krav om politiattest for god vandel.

Stillinga får kontorstad i Førde, Hyllestad, Sogndal eller Stryn. Andre ønskje om arbeidsstad kan vurderast.

Slik søkjer du:

Send søknad med CV, vitnemål, attestar og referansar til
e-post: postmottak@vestrev.no innan 10. september 2025.

For nærare opplysningar om stillingan, ta kontakt med dagleg leiar Asgeir Tveit på telefon 908 74 388.